Kommunepsykolog

Kommunepsykologen er eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, ungdom og unge vaksne i alderen 0-23 år som er heimehøyrande i kommunen.  

Tilbodet er gratis.

Kommunepsykologen tilbyr ei avgrensa utgreiing og samtale/behandlingstilbod for lettare psykiske vanskar eller lidingar som angst, depresjon m.m.

Kommunepsykologen kan bistå ved vurdering av behov for å tilvise vidare til spesialisthelsetenesta ved meir alvorlege eller samansette psykiske lidingar.

Kommunepsykologen kan tilby eit avgrensa samtale- eller rettleiingstilbod til foreldre/føresette, samt rettleiing  av andre fagpersonar eller faginstansar som arbeidar med barn og unge innanfor målgruppa.  Kommunepsykologen er også involvert i førebyggjande arbeid og systemarbeid innanfor psykisk helse i kommunen.

Brukarar, foreldre, lærarar eller tilsette i andre samarbeidande instansar kan ta kontakt gjennom helsestasjonen og/eller tilvise til kommunepsykologen, jfr. tilvisningsskjema (DOC, 37 kB).