Kommunikasjon via Helsenorge

Kommunikasjon via Helsenorge

Helsestasjonane på Søre Sunnmøre er bland dei fyrste i landet til å ta i bruk sikker, digital kommunikasjon med innbyggarane via Helsenorge.

Her kan du både sende og motta meldingar, sjå og avbestille dine timeavtalar og motta varslingar via e-post og/eller SMS. Merk at gravide må kontakte helsestasjonen på telefon for å bestille fyrste time til svangerskapskontroll. Etter dette vil kommunikasjon via Helsenorge bli tilgjengeleg.

Her har vi samla meir informasjon om tenesta...

Slik kjem du inn på Helsenorge:

 

Frå datamaskin eller mobiltelefon

Logg deg på Helsenorge via ID-porten

 

Last ned Helsenorge-appen

Helsenorge-appen er tilgjengeleg for Android og Apple-einingar, og kan lastast ned frå Apple AppStore eller Google Play.

Du kan logge på appen med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller personleg kode. Du trenger ikkje nytte ID-porten kvar gong du skal inn på tenesta.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Kva kan eg gjere via Helsenorge?
Er denne tenesta sikker?
Kva informasjon kan eg sende via Helsenorge?
Når får eg svar på mi melding?
Korleis ser eg kven som er mi helsekontakt?
Eg får ikkje tilgang til meldingar eller helsekontakter. Kva kan eg gjere?
Eg får ikkje varsel om nye meldingar eller timeavtaler frå Helsenorge. Kva kan eg gjere?
Når kan eg sende meldingar?
Kvifor har eg ikkje lengre tilgang til barnet etter fylte 16 år?
Eg har fått varsel om at mi melding til helsestasjonen ikkje er levert. Kva gjer eg?
Korleis ser eg timeavtalane til barnet mitt?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta