Gravid

Gravid

Er du gravid har du tilbod om svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege.

Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse.

Tilbodet er gratis.

Anna Langova Fyrste svangerskapskontroll skjer normalt i veke 6-12. Vi oppmodar om at du tek kontakt for å bestille time så snart du veit at du er gravid.

Målet med svangerskapskontrollane er å sikre at svangerskapet vert trygt for både deg og barnet. Vi har fokus både på den fysiske og psykiske helsa gjennom svangerskapet. Det vert lagt vekt på individuell rettleiing med førebuing til amming, fødsel og den fyrste tida etterpå.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Bør eg velje å gå til jordmor eller fastlege, eller ein kombinasjon?
Kva tid bør eg bestille time til svangerskapskontroll?
Kva tid skal eg til svangerskapskontroll, og kva vert undersøkt?
Korleis utviklar eit svangerskap seg veke for veke?
Kva kosthald bør eg ha som gravid, og er det nokre matvarar eg ikkje bør ete?
Treng eg noko kosttilskot når eg er gravid?
Kva gjer eg dersom timen til svangerskapskontroll ikkje passar?
Kva medisinar kan eg bruke medan eg er gravid?
Kan eg nyte alkohol når eg er gravid?
Kan eg snuse eller røyke i svangerskapet?
Kan eller bør eg trene når eg er gravid?
Kva er dei vanlegaste plagene i svangerskapet?
Kva er bekkenløysning, og kan ein gjere noko med det?
Kva kompetanse har dei tilsette på helsestasjonen?
Kan eg sjølv velje kvar eg skal føde?
Kva er fødsel- og foreldreførebuande kurs, og kven får tilbod om dette?
Kva app anbefaler de til gravide?
Kva oppfølging får eg frå jordmor og helsesjukepleiar etter fødsel?
Kva vaksiner er tilrådd i svangerskapet?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta