Nyfødd 0-4 veker

Nyfødd 0-4 veker

Gratulerer med babyen!

Som mor eller far går du ei spanande og utfordrande tid i møte. Å vere foreldre er flott, men også krevjande.

Jason Pratt Vi på helsestasjonen ynskjer å gi rettleiing og støtte i denne oppgåva, slik at dykk best mogleg kan vere der for dykkar barn. På helsestasjonen vil vi ha fokus på dykkar barn, men også på korleis dykk har det som foreldre.

Når den nyfødde vert utskriven frå sjukehuset og reiser heim, får helsestasjonen i di kommune beskjed om dette. Vi vil i løpet av kort tid ta kontakt med deg for å avtale to heimebesøk, eit frå jordmor og eit frå helsesjukepleiar.

Under finn du meir informasjon om både heimebesøk, kva tilbod helsestasjonen gir, samt råd og hjelp om ei rekkje spørsmål som nybakte foreldre ofte har.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Korleis avtalast heimebesøka frå helsestasjonen?

Når dykk vert utskriven frå sjukehuset og reiser heim med den nyfødde, sender sjukehuset ei elektronisk melding om dette til helsestasjonen i kommunen der du bur, og til din fastlege. Kommunen overtek no hovudansvaret for oppfølginga av dykk som foreldre og din baby.

Kort tid etter at dykk reiser heim, vil helsestasjonen ta kontakt med deg på telefon eller SMS for å avtale heimebesøk. Treng du råd eller hjelp frå oss før vi tek kontakt med deg er du velkomen til å ringe din helsestasjon:

Kva skjer på heimebesøket frå jordmor?

Den kommunale jordmora kjenner du kanskje frå før, viss du har gått til oppfølging hos vedkommande i svangerskapet. Innan 48 timar etter heimkomst vil du få eit tilbod om heimebesøk av jordmor, så sant det let seg gjere. Nokre gonger vil det ta litt lengre tid før du får heimebesøk, då jordmor ikkje er på jobb kvar dag i alle kommunane. Fokus for dette besøket er mor og barnet.

Tema på dette heimebesøket er mellom anna:

  • Korleis du som mor opplevde fødselen
  • Korleis det går med amminga
  • Kroppen sin veg tilbake til å vere «ikkje-gravid»
  • Etterkontroll etter fødsel, prevensjon og trening
  • Kva tilbod du vil få frå helsestasjonen vidare
  • Andre spørsmål du som mor måtte ha

Vi undersøker også:

  • Barnet si vekt
  • Din helsetilstand, med tanke på til dømes blødingar, rifter og liknande

Ved behov vil vi innhente meir informasjon kring fødselen frå sjukehuset, og kan også tilvise deg tilbake til sjukehuset viss du eller barnet treng det. Råd og rettleiing vi gir vert tilpassa dykkar situasjon og behov.

Kva skjer på heimebesøket frå helsesjukepleiar?

Dette heimebesøket skjer normalt innan 7-10 dagar etter at dykk har kome heim. Her treff du helsesjukepleiar, som no overtek «stafettpinnen» frå jordmor. Helsesjukepleiar skal følgje opp ditt barn og familien dei fem neste åra gjennom helsestasjonsprogrammet. Fokus for dette besøket er barnet og dykk som familie.

Tema på dette heimebesøket er mellom anna:

  • Korleis dykk opplevde svangerskapet og fødselen
  • Dykkar familiesituasjon og sosiale nettverk
  • Barnet si vektauke og trivsel
  • Korleis det går med amminga, eventuelt behov for morsmjølkerstatning
  • Tilskot av D-vitamin dråpar
  • Samspel og tilknyting mellom barn og foreldre
  • Barnesikring av heimen og førebygging av ulykker
  • Stell av barnet
  • Søvn og sovestilling for barnet
  • Dykkar bruk av tobakk og rusmidlar
  • Kva tilbod du vil få frå helsestasjonen vidare
  • Andre spørsmål dykk som foreldre måtte ha

Vi vil også undersøke:

  • Barnet si vekt
  • Barnet sin hovudomkrins

Samt observere og vurdere barnet sin generelle tilstand ved å sjå på hudfarge, pust, bevegelsar og refleksar.

Kva skjer etter heimebesøka og kva tid treff eg helsesjukepleiar neste gong?

Dersom det ikkje er behov for ekstra oppfølging vil neste kontakt med helsestasjonen vere når barnet er om lag 4 veker gamalt. Dette er fyste gruppekonsultasjon, der du også treff barn som er fødd på omtrent same tid som ditt barn og deira foreldre. I nokre tilfelle kan denne gruppa kome etter 6 vekers kontrollen, då antall fødslar er variabelt gjennom året.

I kommunane Hareid, Sande og Vanylven gjennomførast dette som ein individuell konsultasjon på grunn av lavt folketal og få fødslar.

Tema for 4 vekers konsultasjonen er mellom anna:

  • Amming, eventuelt behov for morsmjølkerstatning
  • Behov for tilskot av vitamin D, i form av dråper
  • Samspel mellom barn og foreldre
  • Kolikk
  • Bevegelsesutvikling
  • Foreldra sin mobil- og skjermbruk
  • Bruk av sosiale media
  • Infeksjonssjukdomar
  • Barnesikring av heimen og førebygging av ulykker
  • Barnevaksinasjonsprogrammet
  • Søvn og sovestilling
  • Bruk av rusmidlar
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

Vi vil også undersøke:

  • Barnet si vekt
  • Barnet sin hovudomkrins

Sjå våre sider om "Spedbarn 1-12 månader" for informasjon om det vidare helsestasjonsprogrammet.

Skal vi møte på helsestasjonen dersom eg eller barnet er sjuke?

Nei. Av omsyn til smittefare skal du ikkje møte til avtalt time på helsestasjonen dersom du eller barnet er sjuke. Ta kontakt med helsestasjonen for å gi beskjed så snart som mogleg, for å avtale ein ny time:

Kva app anbefaler de til småbarnsforeldre?

Stadig fleire tek i bruk ulike appar for å finne helseråd og råd om foreldrerolla. Helsestasjonane i Sjustjerna anbefaler og samarbeider med Nors Care. Deira app, Nørs, er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste.

Her finn du kvalitetssikra helseråd, tilsvarande innhaldet her på Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre, samt lokal informasjon frå din helsestasjon.

Nørs er gratis og tilgjengelig for iOS (iPhone/iPad) og Android.

Kva vaksiner får barnet mitt på helsestasjonen?

Vaksinasjon starter når barnet er 6 veker gammalt. Sjå våre sider om barnevaksinasjonsprogrammet for meir informasjon.

Du finn også ei detaljert oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den einskilde vaksine, på Folkehelseinstituttet sine sider.

Korleis bestiller eg ein time utanom det ordinære helsestasjonsprogrammet?

Alle helsestasjonane gjev tilbod om timar utanom det ordinære programmet viss du eller ditt barn har behov for dette. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for å bestille time:

Denne første tida kan du også ta direkte kontakt på telefon med jordmor eller helsesjukepleiar som var på heimebesøk hos dykk, viss du har spørsmål eller behov.

Korleis kan eg forstå babyen sine signal og behov?

Spedbarn har ikkje ord, men kan likevel gi klare beskjeder. Sjølv dei heilt nyfødde barna kan fortelle deg mykje utan ord. Kroppsspråk og reaksjonar kan seie mykje. Filmen under gir mange gode tips:

Teikn på at barnet har det bra:

  • jamn hudfarge
  • kroppen er avslappa
  • rolige bevegelsar
  • avslappa ansiktsuttrykk
  • barnet faller lett til ro

Teikn på at barnet er urolig og utilpass:

  • rykkete bevegelsar
  • sprikande fingre
  • anspent/ stive armer og bein
  • bekymra ansiktsuttrykk
  • rynke i panna
  • gulp, hikke, nys eller gjesp
  • babyen ser bort eller lukker auga
  • vanskar med å falle til ro
  • endra eller ujamn hudfarge

Du finn meir informasjon om babyen sine signal og behov hos Bufdir.

Kva gjer eg når barnet mitt gret?

Gråtinga til ein baby aukar om lag ved 2 vekers alder og toppar seg rundt 2-3 månaders alder. Deretter minkar gråtinga.

Nokre babyar gret 5 timer i døgnet, andre berre nokre minutt. Dette er normalt. Gråtinga kan vere frustrerande for deg og andre som passer barnet, og i filmen «Din fantastiske baby» vert det forklart kva du kan gjere for å takle dette.

Viss du er urolig for kvifor babyen din gret er det viktig å kontakte helsestasjonen eller fastlege for å forsikre deg om at det ikkje er noko gale. Men sjølv om babyen din ikkje er sjuk, kan vedvarande gråting være heilt normalt opptil 5 månaders alder. Hugs at risting av babyar er svært farleg og kan føre til alvorlige, varige skader og i verste fall død.

Brosjyra «Hva gjør du når barnet ditt gråter?» inneheld meir informasjon om temaet.

Filmen «I trygge hender» innheld informasjon om same tematikk, og kan også anbefalast:

Kva er gulsott og kva bør eg gjere med det?

Gulsott er svært vanleg hos nyfødde, og rammer ca. 70 av 100 barn. Gulsott oppstår når det er for mykje av eit stoff som heter bilirubin i barnet sitt blod. Dette får huda, det kvite i auga og innsida av munnen til å sjå gulfarga ut.

Gulsott går som regel over av seg sjølv i løpet av ei veke eller to, og dei fleste treng ikkje behandling. Men i løpet av desse vekene bør foreldre være årvakne overfor endringar i barnet sin gulsott og åtferd, og ta barnet med på regelmessige kontrollar hos lege eller på helsestasjonen.

Mistenker du at barnet har gulsott, og det har dårleg allmenntilstand, bør du kontakte lege. Viss legen meiner mengda av bilirubin i barnet sitt blod er i ferd med å bygge seg opp, vil dei ta ei blodprøve for å sjekke om barnet treng behandling. Kontakt lege straks viss barnet har symptom på gulsott og:

  • et mindre enn normalt
  • verker mindre vaken enn vanleg, eller er vanskeleg å vekke
  • gret høgare enn vanlig
  • verkar slapt

Den vanlegaste behandlinga for gulsott er lysbehandling. Då vert barnet plassert under eit blått lys som hjelper barnet med å bryte ned bilirubin.

Du finn meir informasjon om gulsott hos Helsenorge.no

Kva er normal motorisk og psykisk utvikling hos eit barn?

Barn er like individuelt forskjellige som vaksne, så det finst ikkje ein fasit som gjeld for alle barn si utvikling. Og dette er heller ingen konkurranse. Hugs at det er stor variasjon og breidde i barn si normale utvikling. Nokon vil vere litt tidlegare ut – andre litt seinare, enn gjennomsnittet.

Likevel finst det mange fellesnemnarar. Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) har ein grei oversikt over kva utviklingstrekk som er typiske på forskjellige tidspunkt i barnets fire første leveår. Filmen under tek føre seg barn si motoriske utvikling fra 0-15 månader:

 

Finst det ein fasit på korleis ein oppdreg eit barn?

Heldigvis er det ikkje ein riktig måte å være forelder på. Det er opp til kvar enkelt familie å prøve seg fram og finne ut kva som fungerer best for dykk, basert på kven du er, kven barnet ditt er, og kva situasjon de er i. Det er sjeldan berre ein måte å løyse ein situasjon på. For å finne den rette vegen for dykk, krev det som regel både prøving og feiling.

Foreldrehverdag.no er ei nettside frå Bufdir som hjelper deg til å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om tilhøva mellom dykk. Målet med sida er å skape bevisstheit og refleksjon, og gi deg nokre nye tankar om kvifor du og barnet ditt gjer slik de gjer, og korleis dykk kan få det betre saman i kvardagen.

Dersom du har behov for råd og rettleiing i korleis meistre rolla som forelder kan du ta kontakt med din helsestasjon for å avtale ein time med helsesjukepleiar eller foreldrerettleiar.

Kva er dei vanlegaste plagene for mor etter fødsel?

Det er vanlig med nokre fysiske og emosjonelle plager sjølv etter ein normal fødsel. Dei fleste plagene går over av seg sjølv. Vanlege plager er:

Etterrier

Kjennes som smertefulle krampar i livmora, kanskje spesielt under amming. Etterrier er ikkje farleg.

Bløding frå skjeden

Bløding frå skjeden er vanleg etter fødselen som følge av såret inne i livmora. Blødinga kan variere i farge og mengd. Dei første dagane er det ofte som ein kraftig menstruasjon. Seinare blir den brun og til slutt rosa/kvit.

Blødingane kan vare i opptil seks veker etter fødselen.

Illeluktande bløding kombinert med smerter og feber kan vere teikn på infeksjon. Då bør du kontakte lege så snart som mogleg.

Svie ved tissing

Urinblæra har vore under trykk frå livmora gjennom svangerskapet, og dette kan gjere det vanskelegare å tisse. Det kan også svi, spesielt viss ein har små sår og sting, men dette er normalt og vil gå over av seg sjølv.

Ubehag rundt skjede- og endetarmsopning

Det er normalt at hud og vev i underlivet brister under fødsel. Nokon må syast med ein tråd kroppen sjølv absorberer. Det er også normalt å kjenne seg sår og hoven nedantil. Det går raskt over.

Det kan hjelpe å dusje seg med reint vatn etter toalettbesøk.

Forstopping

Mange gruer seg for å gå på do etter fødselen, spesielt dersom fødselen har medført rifter. Drikk mykje, spis fiberrikt, ver i bevegelse og ta deg god tid når du skal på do.

Stemningsleie

Det er vanleg å kjenne seg sliten etter fødselen, og lykka over barnet kan la vente på seg. Hormonforandringar speler også inn. Det er vanleg å bli emosjonell og kjenne at kjenslene svingar. Å gråte meir enn normalt er også vanleg.

Er du urolig, usikker eller har spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen eller din fastlege.

Kvar får eg råd om eller hjelp til amming?

Helsedirektoratet anbefaler fullamming fram til barnet er 6 månader. Deretter i tillegg til fast føde heile det første leveåret, viss du og barnet ditt trivst med det. Verdas helseorganisasjon anbefaler at barn blir amma i to år. Amming har ei rekkje helsefordelar for både mor og barn.

Klikk her for å sjå ein 14 min. video om amming.

Dersom det oppstår problem med amminga, eller du ønsker rettleiing, kan du få råd og hjelp av jordmor eller helsesjukepleiar på helsestasjonen. Ta kontakt med din helsestasjon for å bestille ein time.

Du kan også få hjelp hos Ammehjelpen, ein frivillig organisasjon som gjev gratis råd og støtte til ammande mødre.

Det finst ei rekkje ressursar på nett med gode råd, tips og rettleiing kring amming. Vi anbefaler desse:

Dersom du ikkje har nok morsmjølk, må barnet ditt få morsmjølkerstatning. Denne er laga for å likne mest mogleg på morsmjølk. Så sant det er mogleg bør du gi både morsmjølk og morsmjølkerstatning. Gi morsmjølk først, så du stimulerer mjølkeproduksjonen mest mulig.

Du finn meir informasjon om morsmjølkerstatning hos Helsenorge.no

Kva kosthald bør eg ha når eg ammer, og er det matvarer eg ikkje bør ete?

Når du ammar har du ekstra behov for energi. Dette bør dekkast av næringsrik kost, og du bør unngå å slanke deg medan du ammar. Hugs at næringsinnhaldet i mjølka di vert påverka av kva du et.

Dei same kosthaldsråda som gjeld for vaksne gjeld også for ammande mødre. Du treng berre litt meir. To skiver brød med pålegg og to glas skumma mjølk ekstra kvar dag, vil gi nok energi til mjølkeproduksjonen.

Generelt er det ingen grunn til at ammande skal følgje spesielle kostråd for å førebygge allergi hos barnet. I spesielle tilfelle, når barnet har høg risiko for å utvikle allergi, kan det vere naudsynt at mor unngår nokre matvarer i ammeperioda. Råd om dette får du av fastlege eller helsesjukepleiar.

Desse matvarene bør du som ammar vere forsiktig med:

  • Kaffi, te, cola, energidrikk og andre koffeinhaldige drikker.
  • Mat som inneheld mykje sukker og fett. Til dømes sjokolade, is, brus og kaker
  • Blåkveite over 3 kg.
  • Gjedde, abbor, aure og røye
  • Fiskelever og produkt med fiskelever, til dømes rognleverpostei
  • Brunmat i krabbe
  • Skjell
  • Eksotisk fisk, som hai, sverdfisk, skate og fersk tunfisk. Tunfisk på boks er trygt.
  • Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon der det er risiko for blyrestar. Til dømes fugl skoten med blyhagl.

Du finn meir informasjon om kosthald for ammande på Matportalen.no

Kan eg gi babyen honning?

Nei. Barn under 1 år skal ikkje ha honning eller produkt som inneheld honning, då dette kan innehalde bakteriar som forårsakar spedbarnsbotulisme. Dette er ein alvorleg og potensielt livstrugande infeksjonssjukdom.

Bruk heller ikkje honning på sår eller for å lindre såre brystvorter medan du ammer. Du finn meir informasjon om spedbarn og honning på Matportalen.

Treng babyen noko kosttilskot?

Dei fyste seks månadene gir morsmjølk all næring og væske som barnet ditt treng, med unntak av D-vitamin.

Barn som ammast bør få tilskot av D-vitamin frå ca. ei vekes alder. Dette får du kjøpt reseptfritt på apoteket, i form av dråpar eller spray.

Barn som berre får morsmjølkerstatning treng ikkje tilskot av vitaminer, mineraler eller feittsyrer, og bør ikkje få slikt tilskot.

Barn som delammast bør også få tilskot av D-vitamin, men mengda kan reduserast avhengig av kor mykje morsmjølkerstatning barnet får.

Tran anbefalast ikkje det fyste leveåret.

Dersom du har eit heilt eller delvis plantebasert kosthald og ammar, treng barnet også tilskot av vitamin B12 i tillegg til D-vitamin. Les meir om dette hjå Helsenorge.no.

Kva medisin kan eg bruke medan eg ammar?

Viss du har spørsmål kring medisinbruk medan du ammar kan du ta kontakt med Trygg Mammamedisin. Enten ved å ringe tlf. 22 92 11 00 eller ved å sende inn spørsmål via deira nettside. Du finn også råd kring dei vanlegaste medisinane, som til dømes reseptfrie smertestillande og allergimedisinar.

Trygg Mammamedisin er ein gratis, offentleg teneste som gir individuelle råd kring medisin til gravide og ammande. Tenesta er open kvardagar kl. 9:00-11:30.

Du kan også kontakte din fastlege for å få råd og rettleiing kring bruk av medisin medan du ammar. Har du behov for å bytte medisiner på grunn av amming, er det fastlegen din som gir deg ny resept.

 

Kva er krybbedød og korleis kan eg førebygge det?

Krybbedød er ein tilstand der eit barn dør plutseleg utan at ein finn årsak. Tilstanden er ikkje vanleg, og inntreff svært sjeldan etter at barnet er 6 månader gammalt.

Krybbedød skjer utan forvarsel. Det kan skje når barnet søv i senga si, i ei barnevogn eller i foreldra sine armar.

 

Dette kan du gjere for å redusere risikoen for krybbedød:

 

Ha eit røykfritt miljø.

Ikkje røyk i nærleiken av babyen. Opp til 25 av 100 tilfelle av krybbedød skuldast passiv røyking.

Barnet skal sove på ryggen.Barn som søv på rygg har lavare risiko for krybbedød

Legg heller ikkje barnet på sida, for då kan det rulle over på magen. Talet på tilfelle av krybbedød er reduserte for barn som søv på ryggen.

Ikkje sov i same seng som barnet.

Dette aukar risikoen for krybbedød.

  • La barnet si seng stå på foreldra sitt rom det første halvåret.
  • Amme barnet viss mogleg
  • Hald mjuke gjenstandar, som puter og kosedyr, ute av barnet si seng
  • Følg vaksinasjonsprogrammet på helsestasjonen
  • Ikkje dekk til hovudet til barnet når det ligg i seng eller barnevogn.

Du finn meir informasjon om krybbedød og trygg samsoving på Helsenorge.no

Kva er kolikk og kva kan eg gjere med det?

Spedbarn som har kolikk er ikkje sjuke, men dei gret mykje lengre enn barn vanlegvis gjer. Kolikk startar vanlegvis når barnet er nokre veker gamalt, og tek slutt ved 3-4 månaders alder. Gråtetokta varer i minst 3 timar dagleg, minimum 3 dagar i veka over ein periode på minst tre veker. Ingen veit sikkert kva som er årsaka til kolikk.

Symptoma på kolikk er:

  • Barnet startar ofte å gråte plutseleg. Gråten er høgfrekvent, og ingenting du gjer ser ut til å hjelpe.
  • Gråten startar ofte på ettermiddagen eller kvelden.
  • Barnet trekkjer gjerne beina opp under seg når han/ho gret.
  • Barnet knyter gjerne hendene.
  • Barnet blir ofte raud i ansiktet.
  • Gråtinga kan vare lenge sjølv om ein prøver å trøste.
  • Gråten kan ofte sleppe taket når barnet er utmatta eller når han/ho har fått prompa eller rapa.

Dersom du er bekymra for barnet ditt, bør du oppsøke lege. Legen kan sjekke om noko anna er årsaken til at barnet gret. Du må også oppsøke lege viss barnet har feber, kraftige brekningar, diaré, eller blod i avføringa, eller viss gråtemønsteret plutselig vert endra.

Du finn meir informasjon om kolikk hos Helsenorge.no

Eit barn med kolikk kan vere både slitsamt og frustrerande for foreldra, som ofte kan kjenne seg makteslause når barnet gret utrøsteleg. Ta kontakt med din helsestasjon viss du treng rettleiing eller nokon å snakke med.

Kva er fødselsdepresjon og kvar kan eg få hjelp?

Omtrent ei av ti kvinner i Noreg utviklar kvart år depressive symptom i forbindelse med graviditet eller etter fødsel.

Mange opplever å bli lettare rørt og å gråte meir enn dei brukar dagane etter fødsel. Dette kallast ofte for barseltårer. Barseltårer er ein helt normal og forbigåande kjensletilstand som opptrer hos 50-80 prosent av alle nybakte mødre, og varer eit par døgn. Viss barseltårene ikkje går over i løpet av den første veka etter fødselen, eller vert svært kraftige, kan det være eit teikn på ein begynnande depresjon.

Kjenneteikna på ein fødselsdepresjon er stort sett dei same som for ein vanleg depresjon. Det er ein vedvarande tilstand der:

  • Kvardagen opplevast som tung og grå
  • Du kjenner deg likegyldig, initiativlaus og tom, utan verdi
  • Alt verker meiningslaust

Viss ei nybakt mor vert alvorleg deprimert kan likegyldigheita verte knytt til amming og stell av barnet. Nokon vert også mindre følsame overfor barnet sine signal og behov.  

Du bør ta kontakt med helsestasjonen eller fastlege viss du:

  • Manglar initiativ eller evne til å glede deg
  • Er irritert eller nedstemt over tid
  • Er lei deg eller sint, gret lett og alt kjennes vanskeleg
  • Har vonde tankar og fantasiar om å miste kontrollen og skade deg sjølv eller barnet ditt

Du finn meir informasjon om fødselsdepresjon hos Norsk Helseinformatikk.

Kva bør eg gjere for å barnesikre heimen?

Nokre ulykker og skader kan ein ikkje forhindre, men heldigvis er det mykje du som mor eller far kan gjere for å sikre barnet sine omgjevnadar. Ein del risikofaktorar kan enkelt fjernast frå heimen – eller reduserast betydeleg.

  • Gå aldri frå barnet på stellebordet eller stelleplassen
  • Badevatn bør ikkje vere meir enn 37 grader. Ver saman med barnet når det badar eller leikar ved vatn.
  • Plasser barn i babystol på golvet. Den kan vippe ned frå bord eller sofa.
  • Kontroller at barnevogna er rett montert og at bremser fungerer. Bruk nett for å beskytte mot dyr og insekt.
  • Bruk bakovervendt bilstol.
  • Sørg for at barneseng og leikegrind har avstand mellom sprinklar som er mindre enn 7,5 cm, og at sidene er minst 60 cm høge frå der barnet kan stå
  • Sjekk at smokk og sugedel til tåteflaske er heile og sit fast.
  • Pass på at barnet ikkje puttar små ting i munnen som kan sette seg fast i halsen. Sjekk leiker for lause delar.
  • Ikkje ha barnet på fanget når du et eller drikk noko varmt
  • Ikkje la barnet opphalde seg i direkte sol

Fleire gode råd om barnesikring av heimen finn du hos Helsenorge.no

Kva gjer eg viss barnet mitt skadar seg?

Helsestasjonen kan ikkje hjelpe deg ved akutte, fysiske skader. Er skaden livstrugande, ring 113. Ved andre skader som krev undersøking eller behandling kan du ta kontakt med din fastlege på dagtid, ev. legevakt (tlf. 116 117) når fastlegen ikkje har ope.

Brosjyra "Når barnet skader seg" frå Helsedirektoratet inneheld gode råd til småbarnsforeldre kring førstehjelp til barn.

Videoen under, frå Røde Kors, viser korleis ein gjer hjerte-lunge-redning på spedbarn:

Kva kompetanse har dei tilsette på helsestasjonen?

Sjå våre sider om kompetanse og samarbeidspartnarar for meir informasjon om dei ulike yrkesgruppene du treff i helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt kven vi samarbeider med og korleis.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta