Når og kvar får eg vaksinen mot koronavirus?
Vaksinasjon mot koronavirus er gratis for alle som er anbefalt ein slik vaksine. Vaksinen er, som alle andre vaksiner i Noreg, frivillig å ta. Du kan lese meir om koronavaksinasjonsprogrammet hjå Folkehelseinstituttet.
Det er kommunane som har ansvar for å gi vaksinen etterkvart som den vert tilgjengeleg. Vaksinasjon skjer i regi av helsestasjonen for alle kommunane unnateken Sande og Vanylven. Her er det legesenteret som vaksinerer. For oppdatert informasjon, sjå heimesidene til din kommune:
Det er ein løpande, nasjonal prosess med å definere kva grupper som skal få tilbod om vaksine - og i kva rekkefølgje. Desse prioriteringane vil også avhenge av korleis smittesituasjonen til ein kvar tid er i landet. Ein oppdatert oversikt over prioriteringsrekkefølgja finn du hjå Folkehelseinstituttet.
Vaksinen frå Pfizer/BioNTec er godkjent for barn fra 5 år og eldre, medan Moderna er godkjent for barn ned til 12 års alder. Barn mellom 12-15 år (ungdomstrinnet) vil få tilbod om berre ein vaksinedose, og då frå Pfizer/BioNTec. Dei mellom 16-18 år (vidaregåande skule) får tilbod om to. Vaksine mot covid-19 er no også anbefala for alle gravide i 2. og 3. trimester. Gravide som er i ei risikogruppe kan vaksinerast allereie i 1. trimester.
Det er no også klart at alle over 18 år vil få tilbod om ein 3. dose av vaksinen. Fyrst ute er dei over 65 år, deretter kjem gruppa mellom 45-65 år. Oppdatert informasjon finn du på heimesidene til din kommune.
Det er sett inn store ressursar globalt for å utvikle gode vaksiner mot koronaviruset. Noreg deltek i det europeiske legemiddelsamarbeidet, i regi av EU, og inngår i ei felles europeisk ordning for godkjenning og innkjøp av vaksiner. Til no er fire ulike vaksiner mot covid-19 godkjende, frå desse legemiddelprodusentane:
- Pfizer/BioNTec
- Moderna
AstraZeneca
- Janssen-Cilag
- Er ikkje ein del av vaksinasjonsprogrammet, men tilbydast i ei frivillig ordning.
- Novavax
- Er ikkje ein del av vaksinasjonsprogrammet, men tilbydast i eit lavt antall frå veke 10 2022.
Meir informasjon om dei ulike vaksinene, inkludert vanlege biverknadar og korleis dei er laga, finn du hjå Statens Legemiddelverk. Her kan du også lese meir om dei ulike vaksineteknologiane som nyttast.
Kva vaksine du får tilbod om avheng av kva vaksine din kommune til ein kvar tid har fått tildelt frå sentralt hald, og faglege vurderingar. Dersom kommunen har ulike vaksiner tilgjengeleg kan du sjølv velje kva vaksine du vil ha.