Foreldrestøtte

Foreldrestøtte

Foreldrestøtte tek sikte på å støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. 

I samarbeid med de som foreldre finn vi ut kva tilbod som er best egna for dykkar situasjon. Foreldrestøtte kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjoner.

Tenesta er gratis.

Døme på situasjonar der foreldrestøtte kan vere til hjelp er:

  • Barn med utfordrande åtferd eller skeivutvikling
  • Problem med tilknyting, samspel eller kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Utfordringar i barnehage eller skule
  • Konfliktar mellom dei vaksne

Vi gir tilbod om foreldrestøtte basert på desse metodane:

  • Marte Meo
  • PMTO
  • COS
  • Babymassasje

Foreldrestøtte kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

For meir informasjon, eller for å bestille time, kontakt Ulstein helsestasjon på telefon 70 01 78 80 eller foreldrerettleiiar Gry Grønmyr Jonberg på telefon 481 68 230.

Kva er Marte Meo og kva passar den til?

Marte Meo er ein metode for å gi råd og rettleiing til foreldre som opplever at det å oppdra barn kan vere både vanskeleg og slitsamt. Metoden er mest nytta i høve foreldre med barn under 10 år, men kan også nyttast på eldre barn, og har fokus på kommunikasjon og samspel mellom foreldra og barnet.

For å oppdage dei gode augneblinkane, filmar vi situasjonar der foreldre og barn er saman. Filmane gjer oss i stand til å sjå og påpeike augneblinkane vi ikkje oppdagar i kvardagen. Filmen vert brukt som utgangspunkt for samtale og rettleiing. Gjennom å sjå på filmane saman med ein rettleiar får foreldra nyttig informasjon om barnet sitt. Foreldre vert bevisst sin eigen veremåte saman med barnet.

Filmane er ein praktisk arbeidsreiskap. Dei skal ikkje sjåast av andre enn familien og terapeuten eller dei familien gir løyve til.

Du finn meir informasjon hos Marte Meo Foreningen.

Kva er PMTO og kva passar det til?

PMTO står for "Parent Management Training Oregon", og rettar seg hovudsakeleg mot foreldre som har barn i alderen 3-12 år med utfordrande åtferd. 

  • PMTO har fokus på samspelsmønster som fremjar samarbeid og positiv utvikling mellom foreldre og barn
  • PMTO har fokus på å bygge gode relasjonar mellom barn og foreldre.
  • Tema vi jobbar med er positiv involvering, samarbeidsfremjande kommunikasjon, ros og oppmuntring, grensesetjing, problemløysing og tilsyn.

Når du som forelder strevar med barnet ditt, og samspelet er prega av mas, aggresjon, konflikter og at barnet ikkje høyrer etter. Daglege situasjonar som påkledning, tannpuss, måltid, å stå opp, legging og lekser kan vere eksempel på situasjonar der det oppstår problem der det dannar seg eit mønster som kan opplevast som vanskeleg. Før problema blir fastlåste er det viktig å tilby hjelp på eit så tidleg tidspunkt som mogleg og ein PMTO-terapeut kan vere til god hjelp.

Ulstein kommune kan tilby desse to tenestene:

  • PMTO rådgjeving:
    Dette er eit tilbod der foreldre og rådgjevar har 4-7 møter á 1 time per veke.
     
  • PMTO terapi:
    Dette er eit tilbod der terapeuten samarbeider med foreldre om å skape ein forutsigbar kvardag for barn. Foreldre blir trent i å meistre kvardagskonflikter og til å skape positive samhandlingsmønstre. Foreldre og terapeut  har 20-30 møter á 1 time per veke.

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge har meir informasjon om PMTO.

Kva er COS og kva passar det til?

TryggleikssirkelenCOS er ei forkorting for "Circle of Security". På norsk kan vi kalle det for "tryggleikssirkelen". Dette er eit vegkart for å forstå barnet sine kjensler og behov. Ved introduksjon av tryggleikssirkelen vert foreldra presentert for «hendene», som illustrerer foreldra. Hendene skal vere den trygge basen som gir barna tryggleik til å utforske og oppdage verden.

Målet med COS er å hjelpe barnet til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar seinare i livet. COS vil også vere med å bidra til eit godt samspel mellom foreldre og barn.

Foreldrerettleiing ved hjelp av COS er for foreldre med barn mellom 0-12 år. Her finn du meir informasjon om desse kursa.

Videoen under, på engelsk, tek for seg grunnprinnsipa i COS:

 

Kva er babymassasje og kva passar det til?

Babymassasje er eit verktøy for å styrke samspelet mellom foreldre og barn tidleg, og hjelpe foreldre til å forstå og tyde barnet sitt kroppsspråk. Barnet møtast med respekt, tryggleik, nærleik og varm berøring. For fedra kan babymassasje vere ein unik moglegheit til å få ei nær og god kontakt med barnet.

Å lære seg babymassasje tek ikkje lang tid. Dei fleste kursa gjennomførast i gruppe og går over 5 samlingar på ca. 1-1,5 timer. Kurs i babymassasje er eigna for barn mellom 6 veker og 12 månader. Instruktør er fysioterapeut Kjersti Vengen Jensen. 

På kurset lærar du:

  • Ein metode for massasje av barnet
  • Om massasjen sine gode verkingar
  • Å tolke og svare på barnet sine signal
  • Å tilpasse massasjen til større barn
  • Gode tidspunkt for å massere, og når man ikkje bør massere barnet
  • Litt teori om babymassasje

Meir informasjon om babymassasje finn du hos BIN.

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune logoHerøy kommune logoSande kommune logoUlstein kommune logoVolda kommune logoØrsta kommune logo

 

 

 

    Hareid             Herøy              Sande              Ulstein             Volda              Ørsta