Barn 1-5 år

Barn 1-5 år

Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-5 år, og deira foreldre.

Tilbodet er gratis.

Daniela Dimitrova Helsestasjonen skal bidra til barn si fysiske, psykiske og sosiale helse, og styrke og støtte foreldre i å meistre foreldrerolla. Helsestasjonen kan også avdekke sjukdom og skeivutvikling, og vere ein ressurs for barn og familier som har behov for ekstra støtte og hjelp.

Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging. Føresette kan også ta kontakt sjølv, ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe. Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om:

  • Regelmessig helseundersøking av barnet hjå helsesjukepleiar og/eller lege
  • Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og psykososialt)
  • Rettleiing og rådgiving om mellom anna søvn, ernæring, tannhelse, ulykkesførebygging, samspel og åtferd hos barnet
  • Foreldrerettleiing
  • Vaksinasjon av barnet i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet
  • Tilvisning til andre kommunale tenester eller spesialister ved behov

Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldra har plikt å bidra til at barnet deltek på helsekontrollar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt tid, gi beskjed. Ver vennleg ikkje møt på helsestasjonen med sjukt barn.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Kva tid skal barnet mitt til undersøking på helsestasjonen, og kva vert undersøkt?

Du vil få innkalling til time i god tid før barnet skal til til 2- og 4 års undersøking. Til 15- og 18 mnd. undersøking vert det gitt time når barnet er på 1 års- og 15 mnd. konsultasjon.

Vi vil også sende deg ei automatisk SMS-varsling om din time dagen føre dersom du har samtykka til slik kommunikasjon. Dette er helsestasjonsprogrammet frå 1-5 år:

Helsestasjonsprogrammet 1-5 år
Alder Aktuelle tema Undersøkingar Vaksine Helsepersonell
12 mnd. Amming, fast føde, D-vitamin tilskot, bevegelsesutvikling, søvn, samspel, tannhelse, vaksinasjon, infeksjonar, barnets miljø og sikkerheit, barnehage Vekt, hovudomkrins og lengde. Generell undersøking av lege. Ja Helsesjukepleiar og lege
15 mnd. Kosthald og måltidsvanar, samspel mellom foreldre og barn, søvn, språk, tannpuss, barns miljø og sikkerheit, barnehage Vekt, lengde og psykomotrisk utvikling Ja Helsesjukepleiar
17-18 mnd. Kosthald og måltidsvanar, samspel, søvn, bevegelsesutvikling, foreldra sin trivsel, barnets miljø og sikkerheit, barnehage Vekt, lengde og psykomotorisk utvikling Nei Helsesjukepleiar
2 år Kosthald og måltidsvanar, tannhelse, fysisk aktivitet og leik, samspel, mobil- og skjermbruk, bruk av sosiale media, seksuell utvikling, språkutvikling, søvnvanar, barnets miljø og sikkerheit, familieforhold og sosialt nettverk, rusmiddelbruk Vekt og høgde, psykomotorisk utvikling, ernæringsstatus, hud, pust. Generell undersøking av lege. Nei Helsesjukepleiar og lege
4 år Kosthald og måltidsvanar, samspel, bevegelsesutvikling, søvn, seksuell utvikling, barnets miljø og sikkerheit, mobil- og skjermbruk, sosiale media, rusmiddelbruk, barnehage og skuleførebuing Vekt og høgde, psykomotorisk utvikling, syn, hørsel, språk og allmenntilstand Nei Helsesjukepleiar

 

Kva gjer eg dersom timen eg har fått på helsestasjonen ikkje passar?

Ta kontakt med helsestasjonen så snart som mogleg dersom du ikkje kan møte, slik at vi kan avtale ein ny time og at nokon andre kan få den timen du skulle hatt.

Skal vi møte på helsestasjonen dersom eg eller barnet er sjuke?

Nei. Av omsyn til smittefare skal du ikkje møte til avtalt time på helsestasjonen dersom du eller barnet er sjuke. Ta kontakt med helsestasjonen for å gi beskjed så snart som mogleg, for å avtale ein ny time:

Kva app anbefaler de til småbarnsforeldre?

Stadig fleire tek i bruk ulike appar for å finne helseråd og råd om foreldrerolla. Helsestasjonane i Sjustjerna anbefaler og samarbeider med Nors Care. Deira app, Nørs, er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste.

Her finn du kvalitetssikra helseråd, tilsvarande innhaldet her på Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre, samt lokal informasjon frå din helsestasjon.

Nørs er gratis og tilgjengelig for iOS (iPhone/iPad) og Android.

Kva vaksiner får barnet mitt på helsestasjonen?

Sjå våre sider om barnevaksinasjonsprogrammet for meir informasjon.

Du finn også ei detaljert oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den einskilde vaksine, på Folkehelseinstituttet sine sider.

Korleis bestiller eg ein time utanom det ordinære helsestasjonsprogrammet?

Alle helsestasjonane gjev tilbod om timar utanom det ordinære programmet dersom du eller ditt barn har behov for dette. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for å bestille time:

Når må barnet mitt vere heime frå barnehagen?

Barn som går i barnehage er meir utsett for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis avgjer barnet sin allmenntilstand om det bør være heime frå barnehagen, men for enkelte sjukdomar kan det vere naudsynt å bli heime utover dette for å hindre spreiing av smitte til andre.

Ved diare, med eller utan oppkast, skal barnet haldast heime i 48 timar etter at det har blitt symptomfritt.

Folkehelseinstituttet har råd kring andre vanlege sjukdomar. Er du i tvil så hald barnet heime, eller kontakt fastlege for rettleiing.

Kva gjer eg viss barnet mitt skadar seg?

Helsestasjonen kan ikkje hjelpe deg ved akutte, fysiske skader. Er skaden livstrugande, ring 113. Ved andre skader som krev undersøking eller behandling kan du ta kontakt med din fastlege på dagtid, ev. legevakt (tlf. 116 117) når fastlegen ikkje har ope.

Helsenorge har meir informasjon om kva du kan gjere når barnet skader seg.

Videoen under, frå Røde Kors, visar korleis ein gjer hjerte-lunge-redning på barn eldre enn 1 år.

Kva gjer eg viss barnet mitt har fått i seg noko giftig?

Dersom barnet har blitt akutt og livstrugande sjuk på grunn av forgiftning, ring 113.

Kontakt Giftinformasjonen på telefon 22 59 13 00 for å få hjelp og råd ved akutte forgiftingar og fare for forgiftning. Giftinformasjonen er i beredskap heile døgnet, alle dagar i året. Samtalene blir tatt opp.

Helsenorge.no har grundig informasjon om ulike typar forgiftning. Til dømes hoggormbitt, giftige gassar, legemidlar og sopp.

Korleis kan eg oppdage og behandle hovudlus?

Hovudlus er eit forhaldvis vanleg problem i barnehagar, og smitter frå person til person ved at lus kryp frå ein person sitt hår til ein annans ved nærkontakt. Barn er meir utsette for smitte enn vaksne. Kløe i hovudbotnen, saman med sår og/eller infeksjonar, er eit vanleg teikn på lus. Nokre gonger kan man også sjå egg eller lus i håret.

Barn bør sjekkast for lus ein gong i månaden. Dette gjerast ved å gre håret med ein lusekam. Ein slik kam får du kjøpt på apoteket. Gre igjennom vått hår og tørk av kammen på eit papir. Lusa er små, så eit forstørrelsesglas kan vere til hjelp. Dei fleste som er smitta har få lus, så gre grundig gjennom heile håret! Vær særleg merksam på områda i nakken og bak øyra, der lusa oftast oppheld seg. Ein kan også finne luseegg i håret. Desse er kleimete, og ofte løsnar heile hårstrået når du grer ut eit luseegg. Dette er ingen sikker indikasjon på at du har lus, og behandling bør ikkje startast før du finn levande lus.

Viss du finn lus i håret må dette behandlast snarast mogleg, og resten av familien og andre som har vore i nærkontakt med den som er smitta må sjekkast for lus. Hugs å varsle barnehagen om at du har oppdaga lus! Vanleg hårvask har ingen effekt. Behandling er lusemiddel, kjemming eller barbering av hovudet. Lusemiddel er som oftast å føretrekke, og fåast kjøpt reseptfritt på apotek. Berre den som har fått påvist lus skal behandlast.

Les meir om behandling av lus hos Folkehelseinstituttet.

Kva er normal motorisk og psykisk utvikling hos eit barn?

Barn er like individuelt forskjellige som vaksne, så det finst ikkje ein fasit som gjeld for alle barn si utvikling. Og dette er heller ingen konkurranse. Hugs at det er stor variasjon og breidde i barn si normale utvikling. Nokon vil vere litt tidlegare ut – andre litt seinare, enn gjennomsnittet.

Likevel finst det mange fellesnemnarar. Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) har ein grei oversikt over kva utviklingstrekk som er typiske på forskjellige tidspunkt i barnets fire første leveår. Filmen under tek føre seg same tema:

 

Finst det ein fasit på korleis ein oppdreg eit barn?

Heldigvis er det ikkje ein riktig måte å være forelder på. Det er opp til kvar enkelt familie å prøve seg fram og finne ut kva som fungerer best for dykk, basert på kven du er, kven barnet ditt er, og kva situasjon de er i. Det er sjeldan berre ein måte å løyse ein situasjon på. For å finne den rette vegen for dykk, krev det som regel både prøving og feiling.

Foreldrehverdag.no er ei nettside frå Bufdir som hjelper deg til å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om tilhøva mellom dykk. Målet med sida er å skape bevisstheit og refleksjon, og gi deg nokre nye tankar om kvifor du og barnet ditt gjer slik de gjer, og korleis dykk kan få det betre saman i kvardagen.

Dersom du har behov for råd og rettleiing i korleis meistre rolla som forelder kan du ta kontakt med din helsestasjon for å avtale ein time med helsesjukepleiar eller foreldrerettleiar.

Kva kan eg gjere når barnet søv dårleg om natta?

Mange barn har problem med å roe seg ved sengetid eller vaknar ofte i løpet av natta. Enkle råd kan hjelpe barn til å sove betre.

Barn over 2 år, utan andre helseproblem, kan ha søvnproblem viss det har eit eller fleire av føljande symptom:

  • Barnet vaknar opp tre eller fleire gonger i løpet av ei natt, minst fire kveldar i veka.
  • Barnet vaknar opp og er vaken meir enn 20 minutt kvar kveld eller natt, er oppe og går i løpet av natta.
  • Barnet må kome inn i foreldra si seng for å få sove.
  • Barnet nektar å legge seg, kan ha raserianfall ved sengetid eller det tar meir enn 30 minutt å få lagt barnet.
  • Problem med mareritt, nattskrekk og søvngjengeri.

Råd ved søvnproblem finn du hos Helsenorge.no

Dersom disse råda ikkje hjelper, eller barnet har andre helseproblem som kan ha samanheng med søvnvanskane, ta kontakt med din helsestasjon for å bestille ein time slik at vi kan hjelpe deg og ditt barn.

Kva kosthald vert tilrådd til barn?

For barn over 2 år, som et fast føde, gjeld stort sett dei same kostråda som for vaksne.

Helsedirektoratet anbefalar eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilarbeida kjøt, raudt kjøt, salt og sukker. Vatn er ein god tørstedrikk. 

Barn har eit stort behov for næringsstoff i forhold til si eiga vekt. Difor er det spesielt viktig med næringsrik mat til barn.

Barn bør få fire hovudmåltid om dagen. I tillegg kan det serverast eit til to mellommåltid.

Fleire gode råd om kosthald til barn mellom 2-5 år finn du på Helsenorge.no

Kva tannstell treng eit barn?

Ein grunnregel er å pusse tennene med fluortannkrem to gonger dagleg – morgon og kveld. Gjer tannpuss til ein god vane så tidleg som mogleg! Ta gjerne morgonpussen saman med resten av morgonstellet. Det er belegget på tennene etter natta som er viktig å fjerne, ikkje frukosten.

Fluortablettar og fluorskylling er eit mogleg alternativ dersom ein ikkje greier å få til grundig tannpuss 2 gongar dagleg, eller dersom det oppstår problem med hol i tennene.

  • La tannpussen vere prega av leik.
  • Bruk ein liten og mjuk tannbørste.
  • Jekslane skal pussast både på innside, tyggeflate og utside.
  • La barnet stå på ein skammel og ha barnets hovud i armkroken. Leppe og kinn haldast til side med ei hand og ein pussar med den andre handa.
  • Bruk ei mengde tannkrem som tilsvarar barnet sin lillefingernegl. Ved 6-års alder skal det tilsvare ein ertestor mengde. Dei minste barna kan ha problem med å spytte, difor er det viktig å avgrense mengda tannkrem.
  • Spør på tannklinikken dersom du vil vite om tannreingjeringa er god nok.
  • Vaksne må ta ansvaret for tannpussen til barnet er i 8-10 års alder. Då kan barnet ta ansvar for delar av tannpuss sjølv.

​​Regelmessige måltid er gunstig for tannhelsa. Hyppig sukkerinntak i form av småeting eller drikke kan gi hol i tennene.

Fluor i tannkrem virkar best utan skylling. Ved behov for skylling; bruk lite vatn. Ikkje et eller drikk på to timar etter at tennene er pussa.

Du finn meir informasjon om tannstell for barn hos Helsenorge.no

Kva kompetanse har dei tilsette på helsestasjonen?

Sjå våre sider om kompetanse og samarbeidspartnarar for meir informasjon om dei ulike yrkesgruppene du treff i helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt kven vi samarbeider med og korleis.

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune logoHerøy kommune logoSande kommune logoUlstein kommune logoVolda kommune logoØrsta kommune logo

 

 

 

    Hareid             Herøy              Sande              Ulstein             Volda              Ørsta