Informasjon om koronaviruset

På vår samleside om koronaviruset finn du informasjon om korleis tiltak påverker drift og opningstider ved din helsestasjon.

For lokal informasjon om koronaviruset og status der du bur, sjå heimesida til din kommune:
Hareid  -  Herøy  -  Sande  -  Ulstein  -  Vanylven  -  Volda  -  Ørsta

Vi minnar om at både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen.

Dette gjeld også lette luftvegssymptom, som sår hals, hoste og rennande nase - sjølv om du elles kjenner deg frisk og ikkje har feber!

Har du eller barnet symptom på sjukdom skal du snarast mogleg ta kontakt med oss for å avlyse timen.

Spedbarn 0-12 månader

Klikk for stort bilete pngimg.com Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-12 månader, og deira foreldre.

Tilbodet er gratis.

Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Føresette kan også ta kontakt sjølv ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe. Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om:

  • Heimebesøk til nyfødde
  • Ammerettleiing
  • Hjelp ved barseldepresjon
  • Regelmessig helseundersøking av barnet hjå helsesjukepleiar og lege
  • Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og psykososialt)
  • Rettleiing og rådgiving mellom anna om søvn, ernæring, tannhelse, samspel og åtferd hos barnet
  • Ulykkesførebygging
  • Vaksinasjon av barnet i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet
  • Tilvisning til andre kommunale tenester eller spesialister ved behov
  • Barseltreff for føresette med nyfødde barn

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Klikk for stort bileteHerøy kommune - Klikk for stort bileteSande kommune - Klikk for stort bileteUlstein kommune - Klikk for stort bileteVanylven kommune - Klikk for stort bileteVolda kommune - Klikk for stort bilete Ørsta kommune - Klikk for stort bilete

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta