Spedbarn 1-12 månader

Spedbarn 1-12 månader

I løpet av det første leveåret er barnet si utvikling enorm. Frå det nyfødde og hjelpelause barnet til eit barn som kanskje allereie har begynt å reise seg, som kommuniserer med omgjevnadane med sine første ord, kan lære og hugse, og har tredobla vekta si.

Dette første året får både barnet og du som forelder hyppig oppfølging på helsestasjonen, og ekstra hjelp viss dykk treng det.

Måla med helsestasjonsprogrammet er:

  • At foreldre opplever meistring i foreldrerolla
  • Bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Fremme fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
  • Avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Bidra til at barn får oppfølging og vert tilvist vidare ved behov
  • Førebygge, avverje og avdekke vold, overgrep og omsorgssvikt

Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldra har plikt å bidra til at barnet deltek på helsekontrollar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt tid, gi beskjed. Ver vennleg ikkje møt på helsestasjonen med sjukt barn.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Kva tid skal barnet mitt til undersøking på helsestasjonen, og kva vert undersøkt?

Tidspunkt for neste time vil vert gitt når du er på helsestasjonen. Vi vil også sende deg ei automatisk SMS-varsling om din time dagen føre dersom du har samtykka til slik kommunikasjon. Dette er helsestasjonsprogrammet frå 6 veker - 12 månader:

Helsestasjonsprogrammet 0-12 månader
Alder Aktuelle tema Undersøkingar Vaksine Helsepersonell
6 veker Amming, D-vitamin tilskot, samspel, bevegelsesutvikling, søvn, barnets miljø og sikkerheit, foreldra sin trivsel, informasjon om vaksinasjon Vekt og hovudomkrins. Generell undersøking av lege. Ja Helsesjukepleiar og lege
3 mnd. Amming, D-vitamin tilskot, stimulering av språkutvikling, samspel, bevegelsesutvikling, søvn, barnets miljø og sikkerheit, stell og handtering, sosialt nettverk og foreldra sin trivsel Vekt, hovudomkrins, lengde, syn, hørsel, språk, kontakt og psykomotorisk utvikling Ja Helsesjukepleiar
4 mnd. Amming, D-vitamin tilskot, samspel, infeksjonssjukdomar, tannhelse, søvn, barnets miljø og sikkerheit, rusmiddelbruk, info om barnehageplass Vekt, hovudomkrins og lengde dersom foreldra ønsker det eller det vurderast som fagleg nødvendig Nei Helsesjukepleiar
5 mnd. Amming, D-vitamin tilskot, samspel, bevegelsesutvikling, tannhelse, søvn, foreldra sin trivsel, barnets miljø og sikkerheit, evt. introduksjon av fast føde Vekt, hovudomkrins, lengde, psykomotorisk utvikling og språkutvikling Ja Helsesjukepleiar
6 mnd. Amming, introduksjon av fast føde, D-vitamin tilskot, tannhelse, søvn, bevegelsesutvikling, barnets miljø og sikkerheit, samspel, foreldra sin mobil- og skjermbruk, sosiale media, foreldra sin trivsel, Vekt, hovudomkrins og lengde. Generell undersøking av lege. Nei Helsesjukepleiar og lege
8 mnd. Amming, fast føde, D-vitamin tilskot, tannhelse, samspel, språk og leik, søvn, barnets miljø og sikkerheit, førebuing til barnehage, foreldra sin trivsel Vekt, hovudomkrins og lengde dersom det vurderast som fagleg nødvendig. Syn, hørsel, språk og psykomotorisk utvikling. Nei Helsesjukepleiar
10 mnd. Amming, fast føde, D-vitamin tilskot, tannhelse, samspel, språk og leik, søvn, barnets miljø og sikkerheit, rusmiddelbruk Vekt, hovudomkrins og lengde. Syn, hørsel, språk og psykomotorisk utvikling. Generell vurdering av helsetilstanden. Nei Helsesjukepleiar
12 mnd. Amming, fast føde, D-vitamin tilskot, bevegelsesutvikling, søvn, samspel, tannhelse, vaksinasjon, infeksjonar, barnets miljø og sikkerheit, barnehage Vekt, hovudomkrins og lengde. Generell undersøking av lege. Ja Helsesjukepleiar og lege

 

Kva gjer eg dersom timen eg har fått på helsestasjonen ikkje passar?

Ta kontakt med helsestasjonen så snart som mogleg dersom du ikkje kan møte, slik at vi kan avtale ein ny time og at nokon andre kan få den timen du skulle hatt.

Skal vi møte på helsestasjonen dersom eg eller barnet er sjuke?

Nei. Av omsyn til smittefare skal du ikkje møte til avtalt time på helsestasjonen dersom du eller barnet er sjuke. Ta kontakt med helsestasjonen for å gi beskjed så snart som mogleg, for å avtale ein ny time:

Kva app anbefaler de til småbarnsforeldre?

Stadig fleire tek i bruk ulike appar for å finne helseråd og råd om foreldrerolla. Helsestasjonane i Sjustjerna anbefaler og samarbeider med Nors Care. Deira app, Nørs, er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste.

Her finn du kvalitetssikra helseråd, tilsvarande innhaldet her på Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre, samt lokal informasjon frå din helsestasjon.

Nørs er gratis og tilgjengelig for iOS (iPhone/iPad) og Android.

Kva vaksiner får barnet mitt på helsestasjonen?

Sjå våre sider om barnevaksinasjonsprogrammet for meir informasjon.

Du finn også ei detaljert oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den einskilde vaksine, på Folkehelseinstituttet sine sider.

Korleis bestiller eg ein time utanom det ordinære helsestasjonsprogrammet?

Alle helsestasjonane gjev tilbod om timar utanom det ordinære programmet dersom du eller ditt barn har behov for dette. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for å bestille time:

Kva er normal motorisk og psykisk utvikling hos eit barn?

Barn er like individuelt forskjellige som vaksne, så det finst ikkje ein fasit som gjeld for alle barn si utvikling. Og dette er heller ingen konkurranse. Hugs at det er stor variasjon og breidde i barn si normale utvikling. Nokon vil vere litt tidlegare ut – andre litt seinare, enn gjennomsnittet.

Likevel finst det mange fellesnemnarar. Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) har ein grei oversikt over kva utviklingstrekk som er typiske på forskjellige tidspunkt i barnets fire første leveår. Filmen under tek føre seg barn si motoriske utvikling fra 0-15 månader:

 

Korleis kan eg forstå babyen sine signal og behov?

Spedbarn har ikkje ord, men kan likevel gi klare beskjeder. Sjølv dei heilt nyfødde barna kan fortelle deg mykje utan ord. Kroppsspråk og reaksjonar kan seie mykje. Filmen under gir mange gode tips:

Teikn på at barnet har det bra:

  • jamn hudfarge
  • kroppen er avslappa
  • rolige bevegelsar
  • avslappa ansiktsuttrykk
  • barnet faller lett til ro

Teikn på at barnet er urolig og utilpass:

  • rykkete bevegelsar
  • sprikande fingre
  • anspent/ stive armer og bein
  • bekymra ansiktsuttrykk
  • rynke i panna
  • gulp, hikke, nys eller gjesp
  • babyen ser bort eller lukker auga
  • vanskar med å falle til ro
  • endra eller ujamn hudfarge

Du finn meir informasjon om babyen sine signal og behov hos Bufdir.

Kva gjer eg når barnet mitt gret?

Gråtinga til ein baby aukar om lag ved 2 vekers alder og toppar seg rundt 2-3 månaders alder. Deretter minkar gråtinga.

Nokre babyar gret 5 timer i døgnet, andre berre nokre minutt. Dette er normalt. Gråtinga kan vere frustrerande for deg og andre som passer barnet, og i filmen «Din fantastiske baby» vert det forklart kva du kan gjere for å takle dette.

Viss du er urolig for kvifor babyen din gret er det viktig å kontakte helsestasjonen eller fastlege for å forsikre deg om at det ikkje er noko gale. Men sjølv om babyen din ikkje er sjuk, kan vedvarande gråting være heilt normalt opptil 5 månaders alder. Hugs at risting av babyar er svært farleg og kan føre til alvorlige, varige skader og i verste fall død.

Brosjyra «Hva gjør du når barnet ditt gråter?» inneheld meir informasjon om temaet.

Filmen «I trygge hender» innheld informasjon om same tematikk, og kan også anbefalast:

Finst det ein fasit på korleis ein oppdreg eit barn?

Heldigvis er det ikkje ein riktig måte å være forelder på. Det er opp til kvar enkelt familie å prøve seg fram og finne ut kva som fungerer best for dykk, basert på kven du er, kven barnet ditt er, og kva situasjon de er i. Det er sjeldan berre ein måte å løyse ein situasjon på. For å finne den rette vegen for dykk, krev det som regel både prøving og feiling.

Foreldrehverdag.no er ei nettside frå Bufdir som hjelper deg til å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om tilhøva mellom dykk. Målet med sida er å skape bevisstheit og refleksjon, og gi deg nokre nye tankar om kvifor du og barnet ditt gjer slik de gjer, og korleis dykk kan få det betre saman i kvardagen.

Dersom du har behov for råd og rettleiing i korleis meistre rolla som forelder kan du ta kontakt med din helsestasjon for å avtale ein time med helsesjukepleiar eller foreldrerettleiar.

Kvar får eg råd om eller hjelp til amming?

Helsedirektoratet anbefaler fullamming fram til barnet er 6 månader. Deretter i tillegg til fast føde heile det første leveåret, viss du og barnet ditt trivst med det. Verdas helseorganisasjon anbefaler at barn blir amma i to år. Amming har ei rekkje helsefordelar for både mor og barn.

Klikk her for å sjå ein 14 min. video om amming.

Dersom det oppstår problem med amminga, eller du ønsker rettleiing, kan du få råd og hjelp av jordmor eller helsesjukepleiar på helsestasjonen. Ta kontakt med din helsestasjon for å bestille ein time.

Du kan også få hjelp hos Ammehjelpen, ein frivillig organisasjon som gjev gratis råd og støtte til ammande mødre.

Det finst ei rekkje ressursar på nett med gode råd, tips og rettleiing kring amming. Vi anbefaler desse:

Dersom du ikkje har nok morsmjølk, må barnet ditt få morsmjølkerstatning. Denne er laga for å likne mest mogleg på morsmjølk. Så sant det er mogleg bør du gi både morsmjølk og morsmjølkerstatning. Gi morsmjølk først, så du stimulerer mjølkeproduksjonen mest mulig.

Du finn meir informasjon om morsmjølkerstatning hos Helsenorge.no

Kva medisiner kan eg bruke medan eg ammar?

Viss du har spørsmål kring medisinbruk medan du ammar kan du ta kontakt med Trygg Mammamedisin. Enten ved å ringe tlf. 22 92 11 00 eller ved å sende inn spørsmål via deira nettside. Du finn også råd kring dei vanlegaste medisinane, som til dømes reseptfrie smertestillande og allergimedisinar.

Trygg Mammamedisin er ein gratis, offentleg teneste som gjer individuelle råd kring medisinar til gravide og ammande. Tenesta er open kvardagar kl. 9:00-11:30.

Du kan også kontakte din fastlege for å få råd og rettleiing kring bruk av medisinar medan du ammar. Har du behov for å bytte medisiner på grunn av amming er det også fastlegen din som gir deg ny resept.

 

Kva er kolikk og kva kan eg gjere med det?

Spedbarn som har kolikk er ikkje sjuke, men dei gret mykje lengre enn barn vanlegvis gjer. Kolikk startar vanlegvis når barnet er nokre veker gamalt, og tek slutt ved 3-4 månaders alder. Gråtetokta varer i minst 3 timar dagleg, minimum 3 dagar i veka over ein periode på minst tre veker. Ingen veit sikkert kva som er årsaka til kolikk.

Symptoma på kolikk er:

  • Barnet startar ofte å gråte plutseleg. Gråten er høgfrekvent, og ingenting du gjer ser ut til å hjelpe.
  • Gråten startar ofte på ettermiddagen eller kvelden.
  • Barnet trekkjer gjerne beina opp under seg når han/ho gret.
  • Barnet knyter gjerne hendene.
  • Barnet blir ofte raud i ansiktet.
  • Gråtinga kan vare lenge sjølv om ein prøver å trøste.
  • Gråten kan ofte sleppe taket når barnet er utmatta eller når han/ho har fått prompa eller rapa.

Dersom du er bekymra for barnet ditt, bør du oppsøke lege. Legen kan sjekke om noko anna er årsaken til at barnet gret. Du må også oppsøke lege viss barnet har feber, kraftige brekningar, diaré, eller blod i avføringa, eller viss gråtemønsteret plutselig vert endra.

Du finn meir informasjon om kolikk hos Helsenorge.no

Eit barn med kolikk kan vere både slitsamt og frustrerande for foreldra, som ofte kan kjenne seg makteslause når barnet gret utrøsteleg. Ta kontakt med din helsestasjon viss du treng rettleiing eller nokon å snakke med.

Kan eg gi babyen honning?

Nei. Barn under 1 år skal ikkje ha honning eller produkt som inneheld honning, då dette kan innehalde bakteriar som forårsakar spedbarnsbotulisme. Dette er ein alvorleg og potensielt livstrugande infeksjonssjukdom.

Bruk heller ikkje honning på sår eller for å lindre såre brystvorter medan du ammer. Du finn meir informasjon om spedbarn og honning på Matportalen.

Treng barnet noko kosttilskot?

Dei fyste seks månadene gir morsmjølk all næring og væske som barnet ditt treng, med unntak av D-vitamin.

Barn som ammast bør få tilskot av D-vitamin frå ca. ei vekes alder. Dette får du kjøpt reseptfritt på apoteket, i form av dråpar eller spray.

Barn som berre får morsmjølkerstatning treng ikkje tilskot av vitaminer, mineraler eller feittsyrer, og bør ikkje få slikt tilskot.

Barn som delammast bør også få tilskot av D-vitamin, men mengda kan reduserast avhengig av kor mykje morsmjølkerstatning barnet får.

Tran anbefalast ikkje det fyste leveåret. Frå barnet er eit år gammalt kan D-vitamindråper erstattast med tran. Følg dosering på flaska.

Dersom du har eit heilt eller delvis plantebasert kosthald og ammar, treng barnet også tilskot av vitamin B12 i tillegg til D-vitamin. Les meir om dette hjå Helsenorge.no.

Kva tid bør eg starte med fast føde til barnet?

Barnet skal ikkje ha fast føde før det er 4 månader gammalt. Det er anbefalt å introdusere fast føde ved 6 månaders alder. Du kan starte mellom 4-6 månader viss barnet både viser teikn på at det treng meir mat, og samtidig viser teikn på at det er fysisk modent for fast føde.

Teikn på at barnet treng meir mat:

  • Barnet har utilstrekkeleg vektauke eller vekst
  • Barnet viser teikn på svolt sjølv etter hyppige brystmåltider dag og natt
  • Barnet viser tydeleg interesse for annan mat

Teikn på at barnet er fysisk modent for å handtere fast føde:

  • God hovudkontroll
  • Kan site og bøye seg fram
  • Kan gi signal om at det er mett, til dømes ved å snu hovudet vekk
  • Kan gripe mat og forsøke å føre den til munnen

Det er ingen reglar for kva mat barnet bør starte med. Babyen kan verte tilbydd mange ulike typar mat heilt frå byrjinga. Det kan være naturleg å starte med tynn graut, most potet eller grønsaker, som ein kan blande med morsmjølk eller morsmjølkerstatning. 

Eit barn som er fullamma i seks månader, har brukt opp det meste av jernlagra sine og treng tilførsel av jern. Vi anbefalar difor at jernrike matvarer blir inkludert i barnet sitt første kosthald.

Du finn meir informasjon om å starte med fast føde hos Helsenorge.no

Er du usikker på om og korleis du skal starte med fast føde kan du ta kontakt med din helsestasjon for rettleiing.

Kva kan eg gjere når barnet søv dårleg om natta?

Søvnmangel påverkar både barnet og foreldra si fysiske og psykiske helse negativt, og er eit svært vanleg problem. Både store og små vil trivest betre om barnet lærar seg gode søvnvanar tidleg.

5-7 gonger i løpet av natta oppstår det oppvakning. Under slike oppvakningsperiodar vil barn som har lært seg å sovne av seg sjølv, vanlegvis fortsette å sove utan hjelp frå foreldra. Barn som ikkje har lært det, kan vakne opp og trenge hjelp for å sovne.

Når barnet er mellom 3 og 6 månader kan jobben med å innarbeide gode søvnvanar starte. Her er nokre gode råd:

  • Ikkje kutt ut dagsøvn i håp om lengre nattesøvn
  • Sørg for regelmessige sovetider på dagen
  • Gjennomfør ei nedtrapping av aktivitet før sengetid
  • Gjenta det same faste ritualet kvar kveld før barnet blir lagt
  • Ha ei fast leggetid, og stå opp på omtrent same tid kvar dag
  • Prøv å unngå å ta barnet opp når det først er lagt om kvelden

Lær barnet å sovne sjølv ved å legge det vakent, men søvnig. Ikkje la barnet sovne ved brystet (eller med flaske) eller la det bli vogga, rugga eller klappa i søvn.

Viss barnet vaknar om natta, forsøk å roe det i si eiga seng. Det å få kome opp i foreldra si seng eller ut i stua kan oppfattast som ei påskjønning, og kan bidra til å oppretthalde uvanen.

Du finn meir informasjon og råd om søvn hos spedbarn hos Helsenorge.no

Ta kontakt med din helsestasjon for hjelp og rettleiing viss du:

  • Ikkje lukkast med å løyse søvnproblema på eige hand
  • Synst barnet snorkar mykje og/eller har pustepausar når det søv
  • Trur det kan feile barnet noko som forårsakar søvnproblema
Kva tannstell treng eit spedbarn?

Ein grunnregel er å pusse tennene med fluortannkrem to gonger dagleg – morgon og kveld. Gjer tannpuss til ein god vane så tidleg som mogleg!

  • Start når første tann bryt fram, normalt i 6-10 månaders alder.
  • La tannpussen vere prega av leik.
  • Bruk ein liten og mjuk tannbørste.
  • La barnet ligge i byrjinga. Etter kvart kan barnet sitte på den vaksne sitt fang med hovudet i armkroken.
  • Bruk knapt synleg mengde fluortannkrem. Småbarn kan ikkje spytte, og difor er det viktig å avgrense mengda tannkrem.

Du finn meir informasjon om tannstell for barn hos Helsenorge.no

Kva gjer eg viss barnet mitt har feber?

Barn har feber når temperaturen er over 38° (målt i endetarmen). Feber er kroppen sin reaksjon på infeksjonar og andre sjukdomar, og den hjelper kroppen å nedkjempe desse. Barn får lettare feber enn vaksne, og høg feber behøver ikkje bety at barnet er veldig sjukt. Infeksjonar oppstår på grunn av bakteriar eller virus. Virus er mest vanleg.

Dei fleste infeksjonar går over av seg sjølv. Antibiotika hjelp ikkje mot virus, og er berre naudsynt når legen finn ein bakterieinfeksjon som tilseier slik behandling.

Det viktigaste er å lindre barnet sitt ubehag medan kroppen sjølv tek hand om infeksjonen:

  • Gje rikeleg med drikke
  • Viss barnet er plaga av feberen kan du gje febernedsettande middel, til dømes Paracetamol. Les pakningsvedlegget nøye, og følg instruksjonane.
  • Det kan hjelpe at barnet har lett påkledning og at romtemperaturen er sval
  • Ved høg feber bør du sjå til barnet minst ein gong i løpet av natta. Observer allmenntilstanden, om barnet har utslett og om det kastar opp.

Er du usikker, så kontakt fastlege, ev. legevakt (tlf. 116 117) på kveld og natt. Lege skal alltid kontaktast ved føljande symptom:

  • Barnet verker svært medtatt
  • Det er vanskeleg å få kontakt med barnet
  • Barnet har utslett som ikkje forsvinn når ein trykkjer eit glas mot huda
  • Barnet har stiv nakke
  • Barnet har vanskeleg for å puste, eller pusten er veldig rask
  • Barnet klarer ikkje å drikke
  • Feberen har ikkje gått ned etter 2-3 dagar

Brosjyra «Når barnet ditt har feber» innheld meir informasjon.

Kva er RS-virus og kva bør eg gjere?

RS-virus (respiratorisk syncytialvirus) er eit luftvegsvirus som normalt oppstår hjå vaksne og barn om vinteren, oftast mellom november og mars. Viruset gir hjå dei fleste forkjølelsessymptom med hoste, tett og/eller rennande nase og eventuelt feber. 60-70 prosent av alle barn gjennomgår ein RS-infeksjon i fyrste leveår. Hjå nokre spedbarn og småbarn, særleg dei under 2 år, kan imidlertid det som startar som ei RS-forkjøling etter nokre dagar trekke ned i lungene og gi bronkiolitt.

FHI har meir informasjon og råd om RS-virus.

Kva bør eg gjere for å barnesikre heimen?

Nokre ulykker og skader kan ein ikkje forhindre, men heldigvis er det mykje du som mor eller far kan gjere for å sikre barnet sine omgjevnadar. Ein del risikofaktorar kan enkelt fjernast frå heimen – eller reduserast betydeleg.

  • Gå aldri frå barnet på stellebordet eller stelleplassen
  • Badevatn bør ikkje vere meir enn 37 grader. Ver saman med barnet når det badar eller leikar ved vatn.
  • Plasser barn i babystol på golvet. Den kan vippe ned frå bord eller sofa.
  • Kontroller at barnevogna er rett montert og at bremser fungerer. Bruk nett for å beskytte mot dyr og insekt.
  • Sjekk at smokk og sugedel til tåteflaske er heile og sit fast. Ver i nærleiken når barn drikk av flaske.
  • Pass på at barnet ikkje puttar små ting i munnen som kan sette seg fast i halsen. Sjekk leiker for lause delar.
  • Sikre trapper med grind og ha barnesikring på vindauge
  • Bruk komfyrvern slik at barnet ikkje når opp til kasseroller med varm mat, og pass på at steikomnsdøra har barnesikring
  • Ikkje ha barnet på fanget når du et eller drikk noko varmt
  • Bruk stikkontaktsbeskyttar og pass på at leidningar ikkje heng laust
  • Monter sperre eller lås på skap og skuffer
  • Medisin, vaskemiddel, kjemikaliar, tobakk og farleg reiskap skal oppbevarast utilgjengeleg for barn

Fleire gode råd om barnesikring av heimen finn du hos Helsenorge.no

Kva gjer eg viss barnet mitt skadar seg?

Helsestasjonen kan ikkje hjelpe deg ved akutte, fysiske skader. Er skaden livstrugande, ring 113. Ved andre skader som krev undersøking eller behandling kan du ta kontakt med din fastlege på dagtid, ev. legevakt (tlf. 116 117) når fastlegen ikkje har ope.

Brosjyra "Når barnet skader seg" frå Helsedirektoratet inneheld gode råd til småbarnsforeldre kring førstehjelp til barn.

Videoen under, frå Røde Kors, viser korleis ein gjer hjerte-lunge-redning på spedbarn:

Kva gjer eg viss barnet mitt har fått i seg noko giftig?

Dersom barnet har blitt akutt og livstrugande sjuk på grunn av forgiftning, ring 113.

Kontakt Giftinformasjonen på telefon 22 59 13 00 for å få hjelp og råd ved akutte forgiftingar og fare for forgifting. Giftinformasjonen er i beredskap heile døgnet, alle dagar i året. Samtalene blir tatt opp.

Helsenorge.no har grundig informasjon om ulike typar forgiftning. Til dømes hoggormbitt, giftige gassar, legemidlar og sopp.

Kva kompetanse har dei tilsette på helsestasjonen?

Sjå våre sider om kompetanse og samarbeidspartnarar for meir informasjon om dei ulike yrkesgruppene du treff i helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt kven vi samarbeider med og korleis.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta