Skulehelseteneste 6-20 år

Skulehelseteneste 6-20 år

​Skulehelsetenesta finst på alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular. Skulehelsetenesta er ansvarlig for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar.

Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Skulehelsetenesta er primært bemanna av helsesjukepleiarar. Andre yrkesgrupper i kommunehelsetenesta kan involverast ved behov.

Kva dagar helsesjukepleiar er tilgjengeleg på den enkelte skule vert normalt publisert med oppslag på skulen og/eller på skulen si heimeside, i tillegg til informasjon til føresette og elevar på foreldremøter eller ved hjelp av ranselpost heim. Finn du ikkje denne informasjonen kan du spørje ein lærar, eller ta kontakt med helsestasjonen i din kommune.

Tenesta har så langt som råd ope dør dei dagane helsesjukepleiar er på skulen, og elevar kan kome innom etter behov. Du kan også kontakte helsesjukepleiar for å avtale tid om du ønsker det.

 

Kva tid er dei faste samtalane og undersøkingane i skulehelsetenesta, og kva vert undersøkt?
Kva vaksiner får eg på skulen?
Kva kan eg snakke med skulehelsetenesta om?
Kva tid er skulehelsetenesta tilgjengeleg på min skule?
Kva får foreldra mine vite av det eg tek opp med skulehelsetenesta?
Kva skjer i puberteten, og når startar det?
Kor mykje skjermtid bør barn eller ungdom ha, og kva bør foreldra følge med på?
Kvar får eg tak i prevensjon og kostar det noko?
Kva aldersgrense har dei ulike sosiale media, og er det så nøye?
Får eg fråvær for samtale med skulehelsetenesta på skulen?
Korleis får eg sletta noko om meg som ligg ute på nett eller i sosiale media?
Kva kan eg gjere dersom eg slit med å få nok søvn?
Kva kan eg gjere dersom eg eller barnet mitt vert utsett for mobbing?
Kva kan eg gjere dersom eg slit med tankar og følelsar?
Kvar får eg hjelp dersom eg er utsett for vald eller overgrep?
Kvar kan eg teste meg for graviditet eller seksuellt overførbare sjukdomar?
Kva kompetanse har dei tilsette i skulehelsetenesta?
Korleis kan eg oppdage og behandle hovudlus?
Kva kan eg gjere med kviser og urein hud?
Korleis behandlar eg idrettsskader, og kvar kan eg få hjelp?
Kva råd har de til foreldre kring ungdom og alkohol?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta