Kvar får eg hjelp dersom eg er utsett for vald eller overgrep?
Alle former for vald og overgrep er ulovlege. Vert du eller nokon du kjenner utsett for vald eller overgrep bør du oppsøke hjelp.
Vald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå eller sparke, eller psykisk vald som truslar, degradering, kontrollering og audmjuking. Det kan også vere seksuelle overgrep, som voldtekt, incest eller uønskt beføling. Andre former for vald og overgrep er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske eller å hindre dei i å rå over eigen økonomi.
Ved akutt fare for vald eller overgrep, ring politiet sitt nødnummer 112.
Opplever du vald eller overgrep kan du snakke med oss på helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta eller ein annan vaksen du stolar på, eller ringe Alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Tenesta er gratis og du kan ringe heile døgnet, alle dagar i året. Telefonen vert svart av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.
Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finner du også ein spørsmål-svarteneste der du som stiller spørsmål er anonym.
Overgrepsmottaket
Har du blitt utsett for vald i nære relasjonar, valdtekt eller valdtektsforsøk får du medisinsk hjelp og rådgjevnad på Overgrepsmottaket i Ålesund. Her treff du legar og sjukepleiarar som er spesielt opplærd til å jobbe med overgrepssaker. Tilbodet er gratis, og du får hjelp uansett om du ønskjer å politimelde overgrepet eller ikkje. Overgrepsmottaket er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og 15 kommunar på Sunnmøre, inkludert alle kommunane på Søre Sunnmøre.
Overgrepsmottaket er døgnope og held til på Ålesund lokalmedisinske senter, inngang nord. Adressa er: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund. Du treng ikkje bestille time eller få tilvising frå fastlege eller legevakt på førehand. Ønskjer du å snakke med nokon før du kjem kan du ringe legevakta på telefon 116 117.