Sande kommune

SandeHelsestasjon- og skulehelseteneste

Sande helsestasjon er lokalisert på Nygla, ved sidan av Sande legesenter. Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, samt gravide.

I tillegg til basistenestane tilbyr Sande kommune foreldrerettleiing, både lokalt og i samarbeid med Ulstein kommune. Vi deltek også i ressursgruppe for barn og unge.

 

Timebestilling:

Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.

 

Kontakt oss på Helsenorge

 

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.

Trefftid i skulehelsetenesta er slik:

Larsnes oppvekstsenter: Onsdagar kl. 8-15

Gursken oppvekstsenter: Onsdagar kl. 8-15

Kvamsøy oppvekstsenter: Torsdagar kl. 8:30-13

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08:30-15:00

 

Telefon:

Sjå oversikt over våre tilsette for kontaktinformasjon.

Merk at helseopplysningar ikkje må sendast på SMS eller e-post. Nytt Helsenorge dersom du har behov for å formidle slik informasjon.

 

Helsestasjon for ungdom:

Vi har ikkje faste tidspunkt for HFU. Men det er berre å ta kontakt, så får du ein time.

Du kan ta kontakt via Helsenorge eller SMS til:

Postadresse:

Sande helsestasjon, Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes.

 

Følg oss i sosiale media:

Sande helsestasjon

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta